Maria Montessori

Montessoripedagogikken vart utvikla tidleg på 1900-talet av den italienske legen Maria Montessori, som arbeidde blant gatebarn i Roma. For hundre år sidan, i 1907, starta ho den første skulen basert på denne pedagogikken. I dag har montessorirørsla spreidd seg til mange land og i Noreg er det over 30 skular og 25 barnehagar som byggjer sitt arbeid på montessoripedagogikken.

 

Fridom, sjølvstende og orden

Maria Montessori hevda at for å kunne kome dei sensitive periodene i barnet sin oppvekst i møte, må ein gje barnet fridom i skulesituasjonen. Barnet kjenner best sjølv sine behov og interesser. Fridom til å velje arbeidsoppgåve og muligheita til å arbeide uforstyrra i si eiga takt med tilpassa arbeidsmateriell, er nokre av dei viktigaste føresetnadene i montessoripedagogisk metode.

Brett for arbeid med desimaltal

Fridom betyr ikkje i første omgang fridom FRÅ noko, men fridom TIL noko, nemleg arbeid, utvikling og vekst. Eleven får fridom til å handle innanfor klare grenser i et nøye tilrettelagt miljø. Faste grenser må setjast mot destruktive og asosiale handlinger. Ingen sin fridom får gå utover nokon andre sin fridom.

"Vi har for vane å kontrollere barn, men dette kan vere direkte skadeleg, fordi det kan føre til at den spontane aktiviteten deira blir øydelagd. Vår plikt overfor barnet er å hjelpe det til å meistre handlingar som naturen har meint det skal klare." (Maria Montessori, Montessorimetoden 1909)

Fridom er i følgje Montessori nødvendig av følgjande årsaker: Det er berre i ein atmosfære av fridom at elevane viser seg slik dei er, og berre i ein slik atmosfære kan læraren skaffe seg nok kunnskap om elevane til å kunne gje dei den rette hjelpen og stimulansen.

- Det er berre gjennom fridom til å velje at behova og interessene til elevane vert tilfredsstilt.

- Det er berre i fridom at elevene utviklar sjølvdisiplin og djup konsentrasjon.

- Det er berre i fridom at elevene oppdagar sitt potensiale og sine svakheiter og lærer seg sjølv å kjenne.

- Det er berre i fridom at elevene utviklar sosiale relasjonar og lærer å samarbeide, snakke med kvarandre og hjelpe kvarandre.

I montessoriskulen får elevane denne fridomen. Dei kan velje emne, arbeidsplass og kor lenge dei skal halde på med ei oppgåve. Borna ikke berre FÅR, men BØR, snakke saman om arbeidet sitt. Dei har fridom til å forlate arbeidsplassen og rommet når arbeidsoppgåvene krev det.

Mats med fyrstikkgrublisar. Biletet er teke på ei utstilling på Sunnfjord Museum, "Frå Bagdad til det uendelige", som gruppe 2 såg 5. februar. Både elevar og lærarar vart svært inspirerte!

Elevane legg opp arbeidet sitt sjølv eller saman med andre, formulerer problema sine og planlegg presentasjonen sin. Her er læreren rettleiar. På denne måten blir elevane ikkje berre passive mottakarar av læraren sine kunnskapar, men tek sjølv ansvar for arbeidet sitt og deltek aktivt i planlegginga. Elevane sin fridom strekkjer seg til at dei får velje KVA dei vil arbeide med, ikkje OM dei vil arbeide. Samtidig er det viktig at læreren grip inn mot alt som motverkar eit godt arbeidsmiljø.

Det som kjenneteiknar ein montessoriklasse - anten barna er i barnehagealder, barneskulen eller ungdomsskulen - er eit yrande liv og samtidig stor ro. Det yrande livet skuldast at barna arbeider individuelt eller i grupper. Det er lite lærarstyrt undervisning. Barna arbeider med det dei sjølv ønskjer, anten dei er 3 eller 13 år gamle. Nokon ligg på golvet med store matematikkprosjekt, nokon sit ved PC-en og studerer geografi. Andre sit i ei lita gruppe rundt et bord og diskuterer et tema. Samtidig er det roleg i klasserommet. Når montessoripedagogikken er etablert, er ingen høgrøysta, barna snakkar med lav stemme. Respekten for arbeidet til medelevane er fundamental. Fordi elevane får jobbe med det dei har behov for, har dei gleda av å kunne konsentrere seg.

Elevane får arbeide uforstyrra i lange periodar, gjerne i 3 timar. Dette gir dei den ro og arbeidsdisiplin som gjer at læringa blir tilpassa det enkelte barn. Vi erfarer som regel at elevar som kjem frå tradisjonell skule treng lang tid - ofte opp til eit heilt år - for å bygge opp ein slik arbeidsdisiplin. Derfor er det viktig at en montessoriskule vert bygd opp frå barnehagetrinnet.

Det tilrettelagde miljøet

Eit fundamentalt prinsipp i montessoripedagogikken er det tilrettelagde læringsmiljøet. Dette omgrepet omfattar ikkje berre omgjevnadene som elevane arbeider i, men også det undervisningsmateriellet dei bruker, læreren og andre vaksenpersonar i miljøet, og medelevane. Det er viktig å ha ei fullstendig forståing av korleis det tilrettelagde miljøet er med på å utvikle ein god montessoribarnehage og -skule.

Tidslinje som viser mennesket si utvikling. Slike tidslinjer vert mykje brukt i historie.

Omgjevnadene

Omgjevnadene skal gje elevane stimulans og tryggleik. Stimulans får elevene av interessante arbeidsoppgåver, engasjerte lærarar og eit tiltalande miljø.

Omgjevnadene omfattar ikkje berre lærarar, kameratar og undervisningsmateriell, men heile skulehuset og alt som er i miljøet rundt. Det er desse forholda som skaper ein positiv eller negativ atmosfære, og det er denne atmosfæren som utviklar elevane i positiv eller negativ retning.

Klasserommet er inndelt etter fag, slik at elevane veit nøyaktig kvar dei finn materiell og litteratur. Det ligg nøye vurderingar bak val av plasseringar, møblering, fargar og bilete på veggene. Alt i klasserommet skal bidra til å inspirere elevane til ro og arbeidsglede. Elevane har ansvar for til alle tider å halde orden i klasserommet.

For at eleven skal kjenne tryggleik, er det viktig at han kan stole på omgjevnadene. Han må for eksempel ikke kjenne seg usikker overfor kameratar og lærarar.

Montessoriglobane. Dette er globusar for sensoriske øvingar. Under ser vi puslespel med verdsdelane. Kvar verdsdel har eit eige puslespel, der kvart land er ein puslebit.

Elevane må vite kvar bøker, materiell og midlar til informasjonsinnhenting finst, og også få vite kvar desse er tilgjengelege slik at dei kan planlegge og fullføre dei arbeidsoppgåvene dei har starta. Difor er det svært viktig at elevane får ansvar for eige skulemiljø, for eksempel ved å leggje på plass det dei har brukt, slik at alle kan ha nytte av det. Borna hjelper kvarandre til å følgje reglar og rutinar.

(utdrag frå Norsk Montessoriforbund sine sider)

 

Linkar

Norsk Montessoriforbund

montessoricentenary.org

Montessori Europe