Generell informasjon
Adresse: 6982 Holmedal
Telefon: 57 73 42 53
Epost: holmedal@enivest.com
Link til innmeldingsskjema
Link til skjema for å søke om fri
Link til Fronter
Link til skuleinfo 2011-12

Holmedal montessoriskule er ein barneskule som ligg i Holmedal i Askvoll kommune. Pedagogikken er basert på Maria Montessori sine prinsipp og metodar. Skulen vart starta i august 2005 med 23 elevar. Hausten 2009 har elevtalet auka til 42.
Skulen er godkjent etter privatskulelova med rett til offentleg stønad. Vi tek 300 kroner per månad i skulepengar per elev. Foreldre får ikkje moderasjon for 2. barn, men frå og med 3. barn og oppover betalar ein ikkje skulepengar. I juli månad betalar ein ikkje skulepengar. Søknadsfrist for opptak ved nytt skuleår er 1. februar.
Skuletida er kl. 08.45-14.30, og vi følgjer for det meste same skuleruta som Askvoll kommune, med same fridagar og feriar. Vi har avtale med Askvoll kommune om å nytte bassenget på Askvoll skule til symjeundervisning. Alle elevar hjå oss som bur innanfor Askvoll kommune, har rett til offentleg skuleskyss på linje med elevane i dei offentlege skulane.
Skulen vert driven av ei foreining med same namn. Foreininga er open for alle, og medlemmer til styret vert valde på årsmøte kvart år. Skulestyret saman med rektor er ansvarlege for den daglege drifta.
Les dei sist oppdaterte vedtektene våre her
Les årsmeldinga vår for 2007 her
Les årsmeldinga for 2008 her
Les årsmeldinga for 2009 her
Les årsmeldinga for 2010 her
Les inntaksreglementet vårt her
Foreininga Holmedal montessoriskule og skulen er tilslutta Norsk montessoriforbund.
Tilsette

Oddveig Lyngstad, rektor og allmennlærar med tilleggsutdanning i montessoripedagogikk.
Olga Ask, allmennlærar med tilleggsutdanning imontessoripedagogikk.

Dagny Haugsvær, allmennlærar, held på med montessoriutdanning.

Ank de Jong, førskulelærar med PAPS, held på montessoriutdanning.

Lisbeth Fokker, allmennlærar.
Andre tilsette:
Even Bøthun, lærar/assistent og dataansvarleg.
Tove Vadøy, kontormedarbeidar.
Synnøve Krogenes, reinhaldar.
Ann-Mari Søreide, lærar/assistent, held på med montessoriutdanning.
Henny Vågane, lærar/assistent.
Øyvind Selvik, musikklærar.
Torbjørg Aasen, lærar/assistent.
Historia
I desember 2002 kom det første vedtaket i kommunestyret om å legge ned Holmedal skule som offentleg skule. Men vedtaket innebar at vi skulle få ha skulen eitt år til, slik at han først ville bli lagt ned frå 2004. I tillegg vedtok kommunestyret at vi skulle få overta skulen med utstyr og inventar vederlagsfritt.
Det blei då oppretta eit interimstyre for å søkje om godkjenning av ein skule basert på montessoripedagogikk. Dette var tida før den nye friskulelova, og det var fremdeles krav om at privatskular skulle ha ein pedagogikk som var eit alternativ til den offentlege skulen. Vi syntest at montessori verka som eit spennande alternativ som kunne vinne brei oppslutning. Då den nye lova kom i løpet av 2003, bestemte vi oss for å halde på den søknaden vi hadde utarbeida.
Spørsmålet om å legge ned Holmedal skule kom opp att hausten 2003, og vi stifta då Holmedal montessoriforeining for å ha ein formell organisasjon til å eige og drive skulen. Så gjorde kommunen kontravedtak, og bestemte at Holmedal skule likevel ikkje skulle leggast ned. Vi hadde likevel - for å seie det sånn - ein sterk følelse av at saka ikkje var avgjort, og søknaden gjekk sin gang i systemet. Våren 2005 fekk vi søknaden godkjent av departementet. Skulesjefen anka denne godkjenninga til Kongen, men fekk avslag i juni 2005. Dermed hadde vi klarsignal for å starte Holmedal montessoriskule.
I februar 2005 kom vedtaket om å leggje ned Holmedal skule som offentleg skule, og det vart ein hektisk aktivitet for å få montessoriskulen i gang. Vi fekk avtale med Askvoll kommune om leige av skulebygningen i Holmedal mot at vi betalar dei utgiftene kommunen har med bygget, og mot at vi vedlikeheld bygget. Det måtte ordnast ein naudutgang på baksida av "nyeskulen", dette tok kommunen på seg. Foreldre måla klasserom og vindauge, og laga montessorimateriell på dugnad. I byrjinga hadde vi 21 påmelde ungar. I løpet av sommaren melde det seg i tillegg to elevar frå Askvoll krins. I byrjinga tilsette vi to allmennlærarar, Eirin Hegrenes og Olga Ask, som melde seg på montessoriutdanning. Sidan var vi så heldige at vi klarte å "kapre" Kirsten Råheim, rektoren på Hosanger montessoriskule. Dermed hadde vi lærarpersonell nok til å starte. Etter kvart kom også Oddveig Lyngstad med som lærar. Tove Vadøy blei tilsett på kontoret, og Synnøve Krogenes som reinhaldar.
Hausten 2006 melde det seg heile 8 førsteklassingar. I tillegg fekk vi nokre fleire elevar frå Askvoll krins, slik at det i oktober 2006 var heile 30 elevar på skulen. Ved inngangen til 2007 var det 29 elevar, men hausten 2007 var vi oppe i 31. Skuleåret 2010-11 har vi fleire elevar enn nokonsinne, 43. Vi er godkjent for 45 elevar, men har no søkt om utviding til 50.
|