Påskelunsj

Siste skuledag før påske laga gruppe 2 påskelunsj til heile skulen. Mykje godt stod på menyen: pannekaker, eggerøre, grønsaker, kakao mmmm..

 

 

Spelekveld og overnatting på skulen

Siste kvelden før påskeferie, torsdag 29. mars, hadde gruppe 2 overnatting på skulen. For å få kvelden til å gå, var det ymse aktivitetar: kinasjakk, vanleg sjakk, bondesjakk, sudoku....

 

Årsmøte i Holmedal montessoriforeining

Torsdag 15. mars var det årsmøte i Holmedal montessoriforeining. Det vart framlagt årsmelding og rekneskap, og skulestyret og foreiningsstyret vart slått saman til eitt. Desse sit no i det nye styret: Arnar Itland, Torill Olset, Nina Rivedal, Kari Ness og Gaute Losnegård (18.03.07)

 

Nytt tak på leskuret

Torodd Steinsland har arbeidd med å leggje ny papp på taket over leskuret og toaletta mellom gamleskule og nyeskulen, og fredag 16.2. var han ferdig. Seinare i vår vil vi leggje på stålplater (19.02.07)

 

Ny tilsett: Ann-Mari Søreide

5. februar var første dag for Ann-Mari Søreide på Holmedal montessoriskule. Ho skal arbeide som assistent, hovudsakleg i gruppe 1. Vi ønskjer ho velkommen (19.02.07)

 

Ski-og akedag 25. januar

Torsdag 25. januar var det klart for ski- og akedag for alle elevane. Regn og mørketid har vi hatt nok av denne vinteren, så no var det gøy å komme seg ut i det kvite element i Magnusbakken.

 

Open dag ved Holmedal montessoriskule

Torsdag 18. januar hadde vi open dag på skulen. Det var matsal og elevane presenterte og demonstrerte ymse metodar og materiell. Her var godt frammøte. (22.01.07)

 

Ballbinge ved Holmedal montessoriskule

I desember gav kommunestyret si godkjenning til planar for ballbinge på skuleplassen, og sette ballbingen i Holmedal opp på planen over anlegg som er prioritert til å få tippemidlar. Svaret på søknaden om tippemidlar kjem sommaren 2007 (oppdatert 19.02.07)